mandag 29. november 2010

Overtru i Damenes Detektivbyrå nr.1

Blant dei gamle afrikanske stammane er overtru vanleg. I Damenes Detektivbyrå-serien skildrar forfattaren Alexander McCall Smith hekseri som noko dei fleste afrikanarar er redde for og utnyttar. Mma Ramotswe, hovudpersonen i serien, ser aldri vekk frå slike moglegheiter, endå ho ikkje trur på det. Når dei fleste i landet trur på trolldommen, går dei gjerne til ein heksedoktor. Heksedoktoren brukar gjerne menneskelege organ til å lage medisin, og i den fyrste boka blir me fortalde korleis Mma Ramotswe reddar ein liten gut frå å bli kappa opp i biter og bli brukt som muti.
Heksedoktoren kan brukast til å heile skadar og sjukdommar, men også til å straffe andre menneske. Om ein mistenkjer ei anna kvinne for å utnytte einkvan sin ektemann, kan ein berre gå til heksedoktoren, så lyser han forbanningar over den anklaga personen.
I den afrikanske tradisjonen trur etterkommarane gjerne at forfedrane sine ander går igjen på stader der dei har vore mykje. Dei trur at forfedrane framleis held auge med dei.
I desse overtruene er det gjerne demonar eller - som kanskje vi ville ha kalla det - draugen eller nøkken, i fossar eller andre farlege plasser, som gjer at folk forsvinn og ikkje kjem tilbake.
Det er også vanleg å tru at eit menneske kan omskape seg til eit dyr eller vesen.
Overtru er ikkje berre i Afrika. Den finst i Europa, Amerika og overalt. Ting som at ein ikkje skal sitje på plass nummer tretten i eit fly, ikkje krysse vegen framfor ein svart katt og ikkje gå under ein stige kan også samanliknast med den afrikanske overtrua.
Vi MEINER:
-     overtrua blei til som ein slags syndebukk. Folk måtte ha noko eller nokon å skulde på når ungane vart trampa ned av ein flokk kyr eller andre fæle ting hende.
-     overtru er eigentlig litt tøvete.
-     Folk har i grunnen ikkje godt av overtru. Det er ikkje bra at ein kappar fingrane av folk for å lage muti.

Av Marianne Tomren og Amalie Hjorteland, 8. trinn
(Lesarinnlegget er skrive i samband med leseprosjektet om Damenes Detektivbyrå som me har hatt på DNS dei siste vekene).

søndag 24. oktober 2010

Takk til EELC - og ei snartenkt mor

Sist fredag var det tid for nasjonal prøve i matematikk for 5. trinn. Ein 90 minutts elektronisk prøve på nettet. Dagen kom, elev og lærar var klar, men det var ikkje internettet til NMS. Heldigvis visste Trude, mor til nokre andre av elevane råd: De kan låna kontoret mitt på kyrkjesekretariatet, der er det kanskje nett. Og ganske rett - eit raskt og godt nett som gjorde at prøven blei unnagjort som ein draum. Takk til EELC, Trude og kontorkollegaen hennar Bernatte som berga DNS si gjennomføring av nasjonal prøve!

PS! Denne veka skal 8. trinn i elden i same fag. Kanskje me skal booka plass på sekretariatet allereie?

Helsing lærar Trond

søndag 3. oktober 2010

DNS Kamerun i mediavinden!

Ei lita pressemelding frå våre skriveføre jenter i 8. klasse (om at Den norske skulen i Kamerun i år berre har nynorskelevar) får spalteplass i stadig fleire medier; nå sist Bergensavisen, Sunnhordland, og http://www.framtida.no/. Frå før har Nordhordland, Dagen Magazinet, Vårt Land og http://www.nms.no/ gitt plass til denne meldinga. Kjekt at den blei tatt inn!
 
Helsing lærar Trond

Bantai, kva tyder det?

Me  starta på skolen til vanlig tid og var litt på skolen først. Endeleg så gikk me. Når me fant ein plass litt utanfor Bantaimarknaden der me kunne sitte. Då kjøpte rektor og ein lege 62 makkala til oss. Der me sat såg me mange sauar. Når me var ferdige med å ete gjekk me forbi mange eukalyptustre der det sat ei Kvitbrystkråke.  Eukalyptus kjem eigentlig frå Australia. Me lærte at Bantai er eit tre på fulani. Det er vanleg å ha marknad under slike tre.

Erle Huseby Solås 

torsdag 23. september 2010

Bantai tur

Bantai er eit tre. Bantai betyr og port. Turen var den 17.09.10. På ein fredag. Me gjekk litt langt. Me tok masse bilete .Det var varmt.
Me sveitta veldig mykje. Me gjekk forbi ei stor kyrkje. Då me hadde gått litt skulle me snakke med ein gammal mann som fortalde kva bantai betydde. Han sa at bantai betyr port men det er også ein tresort. Før var det ein port til marknaden . Treet Bantai er veldig stort. Då me gjekk litt til fant me eit  tre å sitte under og eta. Rune og Trond kjøpte makkala. Etter me hadde åte  gjekk me vidare.
Då me hadde gått ei stund såg me ein fugl. Kvitbrysta kråke så me tok bilde av og den blei til vekas fugl.
Me gjekk forbi ein afrikansk skule, der såg alle på oss. Me gjekk gjennom ein lita gate. Da var det ikkje langt igjen til me kom tilbake til skulen.
Det var ein skuletur. Me sveitta kjempemasse . Nå skulle me ta eit fortent bad i bassenget.
Av Jone Hjorteland(11)

Under treet står porten

Sist fredag var me på skuletur til Bantai-marknaden. Heile skulen og meir til var med på denne kjekke og lærerike turen. Me drog frå skulen kvart over ni og var heime igjen til klokka tolv. Me lærte mykje spanande. På turen til Bantai-marknaden var det mykje trafikk og alle måtte være forsiktige og gå saman med ein vaksen. Før me gjekk inn i Bantai-marknaden, høyrte me på ein gammal, men klok mann, som fortalte at ordet Bantai opphavleg kjem i frå treet Bantai. Bantai kunne også bety ”port”. Treet bantai kan brukast til tre - ull som kan puttast i madrassar. Me gjekk inn i marknaden,  då var sola nesten midt på himmelen.

 Etter ei stund fann me oss ein plass og ete, i skuggen av eit mangotre. Rune og Trond hadde kjøpt 62 makkala, og dei glei raskt ned hos dei fleste. Så bar det heim igjen, og dei fleste gleda seg til ein velfortent dukkert.
Av Amalie Hjorteland(13)

Tre og port

På fredag var heile skulen på Bantai marknaden! Vi gjekk frå skulen kl:09.15, og begynte turen med godt humør. Ingen fekk ta med seg pengar, men skulen skulle kjøpe makkala til alle som var med.
Vi byrja turen ved skulen, og gjekk ut av hovud porten. Philip, skulens vaktmeister, var også med, og han fortalde om bantai treet. ”Før den moderne tid, var det venleg å selje ting under store tre,” forklarte han, ”bantai trær var ein av dei beste skuggeplassane, og der bantai marknaden er i dag, var det før mange bantai tre.”
Vi ville vite meir om bantai marknaden, så vi oppsøkte ein gamal mann som bur ved bantai marknaden. Han fortalde at bantai marknaden også er oppkalla etter ein port som omringa marknaden før, Bantai porten. Det er lenge sida porten stod, men namnet er framleis her.

Vi gjekk vidare bort med vegen, og kom til ei lita trebru. Her forsvann Trond og Rune for å kjøpe makkala, mens resten av følgjet gjekk vidare. Vi fann ein skuggefull plass under eit tre, kvar vi tok oss ei matpause. Alle fann fram nista si, og når Trond og Runde kom tilbake, hadde vi MYKJE mat. Dei hadde kjøpt 62 makkala! Til saman vart det 1550fcfa.
Vi gjekk vidare forbi militærbasen, og tok ein omveg tilbake.
Dette har vore ein fin tur, noko vi alle er samde om!