mandag 29. november 2010

Overtru i Damenes Detektivbyrå nr.1

Blant dei gamle afrikanske stammane er overtru vanleg. I Damenes Detektivbyrå-serien skildrar forfattaren Alexander McCall Smith hekseri som noko dei fleste afrikanarar er redde for og utnyttar. Mma Ramotswe, hovudpersonen i serien, ser aldri vekk frå slike moglegheiter, endå ho ikkje trur på det. Når dei fleste i landet trur på trolldommen, går dei gjerne til ein heksedoktor. Heksedoktoren brukar gjerne menneskelege organ til å lage medisin, og i den fyrste boka blir me fortalde korleis Mma Ramotswe reddar ein liten gut frå å bli kappa opp i biter og bli brukt som muti.
Heksedoktoren kan brukast til å heile skadar og sjukdommar, men også til å straffe andre menneske. Om ein mistenkjer ei anna kvinne for å utnytte einkvan sin ektemann, kan ein berre gå til heksedoktoren, så lyser han forbanningar over den anklaga personen.
I den afrikanske tradisjonen trur etterkommarane gjerne at forfedrane sine ander går igjen på stader der dei har vore mykje. Dei trur at forfedrane framleis held auge med dei.
I desse overtruene er det gjerne demonar eller - som kanskje vi ville ha kalla det - draugen eller nøkken, i fossar eller andre farlege plasser, som gjer at folk forsvinn og ikkje kjem tilbake.
Det er også vanleg å tru at eit menneske kan omskape seg til eit dyr eller vesen.
Overtru er ikkje berre i Afrika. Den finst i Europa, Amerika og overalt. Ting som at ein ikkje skal sitje på plass nummer tretten i eit fly, ikkje krysse vegen framfor ein svart katt og ikkje gå under ein stige kan også samanliknast med den afrikanske overtrua.
Vi MEINER:
-     overtrua blei til som ein slags syndebukk. Folk måtte ha noko eller nokon å skulde på når ungane vart trampa ned av ein flokk kyr eller andre fæle ting hende.
-     overtru er eigentlig litt tøvete.
-     Folk har i grunnen ikkje godt av overtru. Det er ikkje bra at ein kappar fingrane av folk for å lage muti.

Av Marianne Tomren og Amalie Hjorteland, 8. trinn
(Lesarinnlegget er skrive i samband med leseprosjektet om Damenes Detektivbyrå som me har hatt på DNS dei siste vekene).