torsdag 23. september 2010

Bantai tur

Bantai er eit tre. Bantai betyr og port. Turen var den 17.09.10. På ein fredag. Me gjekk litt langt. Me tok masse bilete .Det var varmt.
Me sveitta veldig mykje. Me gjekk forbi ei stor kyrkje. Då me hadde gått litt skulle me snakke med ein gammal mann som fortalde kva bantai betydde. Han sa at bantai betyr port men det er også ein tresort. Før var det ein port til marknaden . Treet Bantai er veldig stort. Då me gjekk litt til fant me eit  tre å sitte under og eta. Rune og Trond kjøpte makkala. Etter me hadde åte  gjekk me vidare.
Då me hadde gått ei stund såg me ein fugl. Kvitbrysta kråke så me tok bilde av og den blei til vekas fugl.
Me gjekk forbi ein afrikansk skule, der såg alle på oss. Me gjekk gjennom ein lita gate. Da var det ikkje langt igjen til me kom tilbake til skulen.
Det var ein skuletur. Me sveitta kjempemasse . Nå skulle me ta eit fortent bad i bassenget.
Av Jone Hjorteland(11)

Under treet står porten

Sist fredag var me på skuletur til Bantai-marknaden. Heile skulen og meir til var med på denne kjekke og lærerike turen. Me drog frå skulen kvart over ni og var heime igjen til klokka tolv. Me lærte mykje spanande. På turen til Bantai-marknaden var det mykje trafikk og alle måtte være forsiktige og gå saman med ein vaksen. Før me gjekk inn i Bantai-marknaden, høyrte me på ein gammal, men klok mann, som fortalte at ordet Bantai opphavleg kjem i frå treet Bantai. Bantai kunne også bety ”port”. Treet bantai kan brukast til tre - ull som kan puttast i madrassar. Me gjekk inn i marknaden,  då var sola nesten midt på himmelen.

 Etter ei stund fann me oss ein plass og ete, i skuggen av eit mangotre. Rune og Trond hadde kjøpt 62 makkala, og dei glei raskt ned hos dei fleste. Så bar det heim igjen, og dei fleste gleda seg til ein velfortent dukkert.
Av Amalie Hjorteland(13)

Tre og port

På fredag var heile skulen på Bantai marknaden! Vi gjekk frå skulen kl:09.15, og begynte turen med godt humør. Ingen fekk ta med seg pengar, men skulen skulle kjøpe makkala til alle som var med.
Vi byrja turen ved skulen, og gjekk ut av hovud porten. Philip, skulens vaktmeister, var også med, og han fortalde om bantai treet. ”Før den moderne tid, var det venleg å selje ting under store tre,” forklarte han, ”bantai trær var ein av dei beste skuggeplassane, og der bantai marknaden er i dag, var det før mange bantai tre.”
Vi ville vite meir om bantai marknaden, så vi oppsøkte ein gamal mann som bur ved bantai marknaden. Han fortalde at bantai marknaden også er oppkalla etter ein port som omringa marknaden før, Bantai porten. Det er lenge sida porten stod, men namnet er framleis her.

Vi gjekk vidare bort med vegen, og kom til ei lita trebru. Her forsvann Trond og Rune for å kjøpe makkala, mens resten av følgjet gjekk vidare. Vi fann ein skuggefull plass under eit tre, kvar vi tok oss ei matpause. Alle fann fram nista si, og når Trond og Runde kom tilbake, hadde vi MYKJE mat. Dei hadde kjøpt 62 makkala! Til saman vart det 1550fcfa.
Vi gjekk vidare forbi militærbasen, og tok ein omveg tilbake.
Dette har vore ein fin tur, noko vi alle er samde om!

torsdag 9. september 2010

Nynorsk på frammarsj i Afrika


Den norske skulen i Kamerun (DNS) har gått frå å vera ein bokmålskule til å bli ein nynorskskule. Alle dei ni norske elevane nyttar nynorsk som målform dette året.

Tekst: Marianne Tomren (13) og Amalie Hjorteland (13) (elevar)
Foto: Trude Tomren

DNS i Kamerun har vore ein bokmålskule heilt frå oppstarten i 1958 og fram til no. Dette året har det ”umogelege” skjedd; alle elevane ved DNS har nynorsk som målform. Jamvel alle lærarane har nynorsk som hovudspråk. Dette skjer trass i at vedtektene seier at DNS skal vera ein bokmålskule.
– Spørsmålet er om vedtektene nå må endrast. For me kan jo ikkje akkurat nekta elevane å få undervisning på si eiga målform, seier rektor ved DNS, Trond Hjorteland.

Ni elevar
I år er det ni elevar på skulen. Kanskje ikkje mange, men 200 % fleire enn dei tre som gjekk her i fjor. Desse tre går her framleis, og dei er glade for å få nye klassekameratar.
– Det var verkeleg einsamt her i fjor. Det var ingen å prate med i friminutta, fortel Marianne Tomren (13), eldste elev på skulen.

DNS Kamerun er ein privat grunnskule eigd og driven av Det Norske Misjonsselskap.