Sist fredag var me på skuletur til Bantai-marknaden. Heile skulen og meir til var med på denne kjekke og lærerike turen. Me drog frå skulen kvart over ni og var heime igjen til klokka tolv. Me lærte mykje spanande. På turen til Bantai-marknaden var det mykje trafikk og alle måtte være forsiktige og gå saman med ein vaksen. Før me gjekk inn i Bantai-marknaden, høyrte me på ein gammal, men klok mann, som fortalte at ordet Bantai opphavleg kjem i frå treet Bantai. Bantai kunne også bety ”port”. Treet bantai kan brukast til tre - ull som kan puttast i madrassar. Me gjekk inn i marknaden, då var sola nesten midt på himmelen.
Etter ei stund fann me oss ein plass og ete, i skuggen av eit mangotre. Rune og Trond hadde kjøpt 62 makkala, og dei glei raskt ned hos dei fleste. Så bar det heim igjen, og dei fleste gleda seg til ein velfortent dukkert.
Av Amalie Hjorteland(13)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar