torsdag 19. mai 2011

SANNU! Skuleavisa er klar!

Pauline, Amalie og Marianne kan i dag lansera SANNU!

Hei alle saman! Nå er skuleavisa vår klar. SANNU heiter den. Det betyr "hei" på fulani. Avisa er på heile 34 sider, så du finn heilt sikkert noko for din smak.

Alle ni elevane har vore med og laga avisa. Lærarane litt også...

Send ein e-post til dnskamerun@gmail.com, så sender me deg SANNU som pdf-fil i retur.

Og syns du avisa var kjekk, eller viss du bare har lyst å betala noko, vil me gjerne at du støttar Døveskulen i Kamerun. Det har vore vårt innsamlingsprosjekt denne våren.

Det enklaste er å overføre pengar til konto 8220 02 85030 og merk innbetalinga med 621 498.

Håpar de likar SANNU!

Helsing redaksjonen

torsdag 17. mars 2011

HJELP! Me treng tips til skuleavisa...


Marianne redaktør og dei åtte andre redaksjonsmedlemmene (pluss lærargjengen) har nå starta opp arbeidet med Sannu 2011 - årets skuleavis.

Men me treng dykkar hjelp!

Kva har DU lyst til å lesa om i årets Sannu?

Har du tips, idear eller gjerne eit bidrag - skriv i kommentarfeltet
- eller send mail til dnskamerun@gmail.com

Merci en avance!

torsdag 3. mars 2011

Støtt døveskulen i Kamerun!


Lærar Eliane Djobdi (fremst) saman med 25 av elevane og dei tre andre lærarane.

Elevar og lærarar ved Den norske skulen i Kamerun (DNS) har lyst til å hjelpe døveskulen her i Ngaoundéré. Dette er det einaste skuletilbodet for tunghøyrte og døve i heile Adamaoua-regionen, og me på DNS vil gjerne utfordra alle til å gode gåver til dette viktige arbeidet.

Døveskulen manglar både stolar, bord, eige skulebygg, lærarar med utdanning, transportmiddel, ja rett og slett det meste ein skule treng for å fungere. Når hjula på skulen går rundt likevel, er det først og fremst takka gode eldsjeler og lærarar som strekkjer seg så langt dei klarer for å gi eit godt skuletilbod til ei utsett gruppe.

På døveskulen er det 28 nå innskrivne, men berre 25 elevar kjem kvar dag. (Dei tre resterande bur for langt vekke til å komma dagleg, men dei kjem innom av og til.) Av dei 25 elevane er det 4 jenter og 21 gutar, alle i aldersgruppa 6 – 20 år. Skuledagen varer frå 0730 til kl 12 kvar dag, bortsett frå laurdag og søndag.

Om det er nokon elevar som ikkje har fått anna undervisning før, uansett alder, må dei starte i første klasse, sjølv om dei f eks er 16 år. På skulen er det berre fire lærarar som har ansvar for to klassar kvar. Lærarane heiter Eliane Djobdi, Maléko Ismaël, Ratouma Angèle og Mme Noupeye. Ingen av dei har fått spesiell utdanning i døveundervisning.


I dag, 3. mars, var elevrådet (Marianne og Amalie) og rektor ved DNS (Trond) på besøk på døveskulen. Der kunne me sjå at dei trengte ein heil del, det sat mange rundt kvart bord, og stolane dei brukte har dei lånt av DNS.

Prisen for stolar og bord er for øvrig 60NOK per stol og 200NOK per bord. Målet er å få inn minst 123 000NOK til døveprosjektet, men me treng hjelp frå dykk der ute. Har du lyst til å gi en pengegåve til døveprosjektet?

Send pengar til kontonummer 8220 02 85030 og merk med prosjektummer 621 498. I tillegg til stolar, bord og anna utstyr vil pengane gå til løn, husleige og andre naudsynte utgifter i prosjektet.


Meir info finn du på http://www.nms.no/kamerun/spesialundervisning-for-doeve-i-kamerun-article818-327.html









Takk for at de blir med! Amalie (t.v.) og Marianne - på vegner av DNS.

tirsdag 21. desember 2010

Skulehausten i tonar og bilete

Fredag 17. desember var det juleavslutning ved DNS Kamerun med julespel, barnehage-song, Treige jenter, solosong, Gospel Singers og mykje, mykje meir. Mange gode opplevingar har me også fått delt i løpet av haustsemesteret. Under juleavslutninga viste me ein biletkavalkade frå månadene som er gått sidan skulestart i midten av august. Nå ligg den tilgjengeleg herover, klar til gjennomsyn for alle som har lyst å sjå. Gledeleg jul til alle!

Beste helsing
rektor Trond

fredag 3. desember 2010

Fekk svar frå verdskjent forfattar

Dei siste vekene har storskulen (5., 6. og 8. trinn) hatt leseprosjekt med bokserien om Damenes detektivbyrå som tema. Undervegs på ideen opp om å senda nokre spørsmål til forfattaren av serien, Alexander McCall Smith. Me hadde vel ikkje store trua på at me ville få svar, men det var nå uansett god engelsklæring å formulera spørsmål til denne verdskjende forfattaren.

Me blei derfor litt himmelfalne då det låg ein e-post og venta på oss etter leirskulen på Mballang. 
Avsendar: Alexander McCall Smith. Mottakar: The Norwegian School in Cameroon.Han avslutta mailen på denne måten: “Thank you for giving me the opportunity to answer your interesting questions” (takk for at eg fekk høve til å svara på dykkar interessante spørsmål).Stor stas, sjølvsagt, og i går ettermiddag laga storskulen til ein ”pressekonferanse” på bokkafeen i biblioteket, der to av elevane var ”McCall Smith” og dei andre ”journalistar”. I e-posten fekk me også vita at han nå skriv på ei ny bok som kjem ut neste år. Den skal heita ”The Saturday Big Tent Wedding Party” (Laurdagens store teltbryllaups-fest).Me tar me nokre av spørsmåla her. Heile serien med 24 spørsmål og svar er å finna på Den norske skulen sin blogg, www.dns-kamerun.blogspot.

Questions for Alexander McCall Smith from
The Norwegian School in Cameroon.


1)      Why did you start with the No. 1 Detective Agency?
I thought that basing the books in a detective agency would give plenty of
opportunity for new characters to walk through the door. My books are not
really crime novels, but are more to do with the problems which people
have in their lives.

2)      When did you get the idea?
I got the idea for the books while visiting friends in Africa. I saw a
woman chasing a chicken in her yard. This woman, who was wearing a red
dress, impressed me with her cheerfulness and her dignity, and I thought
then that I would one day write a short story about her. Many years later
I sat down to write such a story - and Precious Ramotswe was born.

3)      What are you working with when you are not an author?
I was, for many years, a Professor of Medical Law at the University of
Edinburgh - but I wrote books at the same time.

4)      How old are you?
I am 62 years old.

5)      Where do you live?
I have lived in Edinburgh, in Scotland, for most of my adult life. I was
born in Africa, in what is now Zimbabwe, and spent my childhood there.

6)      Do you have any hobbies besides writing?
Yes, I play the bassoon, very badly, in an amateur orchestra called The
Really Terrible Orchestra!

7)      Have you been to Botswana?
I first went to Botswana in the 1980s, when I helped to set up the Law
Faculty at the University there, and I have visited the country every year
since then.

8)      Why did you write about Botswana?
I write about Botswana because I think that it is a very inspiring country.

9)      What is your favourite thing about Botswana?
The kindness of the people, and the beautiful landscapes.

10)   Are you married and do you have kids?
Yes, I am married to my wife, Elizabeth, who is a doctor, and I have two
grown up daughters - one has just qualified as a doctor, and the other is
in her final year at medical school.

11)   What is your favourite book?
My favourite book is a book of poetry, called 'Collected Shorter Poems',
by the poet W H Auden.

12)   Why is it your favourite book?
W H Auden's poems have been a source of great inspiration to me.

13)   What do you think about when you are writing?
I'm not sure! I actually tend to go into a trance when I am writing, and
the words come out very easily.

14)   Do you know anybody who is like Mma Ramotswe?
I have met many people like Mma Ramotswe in Botswana - women who share her
cheerfulness and generosity of spirit.

15)   Why did you think you only should write one book?
I had no idea when I wrote the first book that I would continue to write a
series - but I am enjoying my conversation with Mma Ramotswe very much.

16)   Is it only one female detective in Botswana in reality?
I am sure that there are more female detectives in Botswana in real life!

17)   Do you know anybody who is like Mma Makutsi?
I have encountered people who share some of Mma Makutsi's characteristics.

18)   Is it funny to write books?
It is certainly most enjoyable. Writing brings me great pleasure.

19)   Where do you get the inspiration from?
From observing people and listening to their conversations.

20)   Why do you write books?
I think I write books because I have to. I can't stop the words coming out.

21)   Are you famous?
I don't feel as if I am famous, but many people come to my events when I
do my book tours. I sometimes get recognised at airports!

22)   Are you rich?
I am comfortably well off as a result of my writing.

23)   Where do you live?
I live in a house in Edinburgh.

24)   Can you write more The Ladies Detective Agency books?
Yes, I am planning to write more books in the series.

Thank you for giving me the opportunity to answer your interesting questions.
Alexander McCall Smith

torsdag 2. desember 2010

Skulen?

Ein solfylt ettermiddag i desember sat madam Elle og nippa  teen sin. Det kom ei dame forbi, ho spurte:
-          Er dette Damenes Detektivbyrå? Ja, det er det. Svarte madam Elle.
-          Kan eg snakke med deg?
-          Så klart kan du det.
-          Eg har ei dotter. Oi, det var uhøfleg av meg. Eg heiter Tara Mato. Som eg sa, eg har ei dotter. Ho er veldig flink på skolen òg. Men dei seier at ho ikkje alltid kjem. Eg er bekymra for at dei snakkar sant. Kan du finne ut om det er sant, og viss det er sant, finn ut kor ho går?
-          Det kan eg. Svara Elle.
Ho reiser med ein gong neste morgon.   Det er tåkete så ho vil køyre forsiktig. Tara fortalde ho kor skolen er og gav ho eit bilde av jenta. Når ho kjem til skolen spør ho rektor om kor 9.kl er. Ho finn klasserommet, og går inn der er det ingen ho leiter etter. Når skolen er ferdig spør ho ei jente.
     - Veit du kor Grace er?
     - Ja, hos bestemora si. Ho vil hjelpe til der.
Elle ringer til Tara med ein gong og fortel ho det. Då blir Tara glad.

slutt
av Erle

mandag 29. november 2010

Overtru i Damenes Detektivbyrå nr.1

Blant dei gamle afrikanske stammane er overtru vanleg. I Damenes Detektivbyrå-serien skildrar forfattaren Alexander McCall Smith hekseri som noko dei fleste afrikanarar er redde for og utnyttar. Mma Ramotswe, hovudpersonen i serien, ser aldri vekk frå slike moglegheiter, endå ho ikkje trur på det. Når dei fleste i landet trur på trolldommen, går dei gjerne til ein heksedoktor. Heksedoktoren brukar gjerne menneskelege organ til å lage medisin, og i den fyrste boka blir me fortalde korleis Mma Ramotswe reddar ein liten gut frå å bli kappa opp i biter og bli brukt som muti.
Heksedoktoren kan brukast til å heile skadar og sjukdommar, men også til å straffe andre menneske. Om ein mistenkjer ei anna kvinne for å utnytte einkvan sin ektemann, kan ein berre gå til heksedoktoren, så lyser han forbanningar over den anklaga personen.
I den afrikanske tradisjonen trur etterkommarane gjerne at forfedrane sine ander går igjen på stader der dei har vore mykje. Dei trur at forfedrane framleis held auge med dei.
I desse overtruene er det gjerne demonar eller - som kanskje vi ville ha kalla det - draugen eller nøkken, i fossar eller andre farlege plasser, som gjer at folk forsvinn og ikkje kjem tilbake.
Det er også vanleg å tru at eit menneske kan omskape seg til eit dyr eller vesen.
Overtru er ikkje berre i Afrika. Den finst i Europa, Amerika og overalt. Ting som at ein ikkje skal sitje på plass nummer tretten i eit fly, ikkje krysse vegen framfor ein svart katt og ikkje gå under ein stige kan også samanliknast med den afrikanske overtrua.
Vi MEINER:
-     overtrua blei til som ein slags syndebukk. Folk måtte ha noko eller nokon å skulde på når ungane vart trampa ned av ein flokk kyr eller andre fæle ting hende.
-     overtru er eigentlig litt tøvete.
-     Folk har i grunnen ikkje godt av overtru. Det er ikkje bra at ein kappar fingrane av folk for å lage muti.

Av Marianne Tomren og Amalie Hjorteland, 8. trinn
(Lesarinnlegget er skrive i samband med leseprosjektet om Damenes Detektivbyrå som me har hatt på DNS dei siste vekene).