torsdag 3. mars 2011

Støtt døveskulen i Kamerun!


Lærar Eliane Djobdi (fremst) saman med 25 av elevane og dei tre andre lærarane.

Elevar og lærarar ved Den norske skulen i Kamerun (DNS) har lyst til å hjelpe døveskulen her i Ngaoundéré. Dette er det einaste skuletilbodet for tunghøyrte og døve i heile Adamaoua-regionen, og me på DNS vil gjerne utfordra alle til å gode gåver til dette viktige arbeidet.

Døveskulen manglar både stolar, bord, eige skulebygg, lærarar med utdanning, transportmiddel, ja rett og slett det meste ein skule treng for å fungere. Når hjula på skulen går rundt likevel, er det først og fremst takka gode eldsjeler og lærarar som strekkjer seg så langt dei klarer for å gi eit godt skuletilbod til ei utsett gruppe.

På døveskulen er det 28 nå innskrivne, men berre 25 elevar kjem kvar dag. (Dei tre resterande bur for langt vekke til å komma dagleg, men dei kjem innom av og til.) Av dei 25 elevane er det 4 jenter og 21 gutar, alle i aldersgruppa 6 – 20 år. Skuledagen varer frå 0730 til kl 12 kvar dag, bortsett frå laurdag og søndag.

Om det er nokon elevar som ikkje har fått anna undervisning før, uansett alder, må dei starte i første klasse, sjølv om dei f eks er 16 år. På skulen er det berre fire lærarar som har ansvar for to klassar kvar. Lærarane heiter Eliane Djobdi, Maléko Ismaël, Ratouma Angèle og Mme Noupeye. Ingen av dei har fått spesiell utdanning i døveundervisning.


I dag, 3. mars, var elevrådet (Marianne og Amalie) og rektor ved DNS (Trond) på besøk på døveskulen. Der kunne me sjå at dei trengte ein heil del, det sat mange rundt kvart bord, og stolane dei brukte har dei lånt av DNS.

Prisen for stolar og bord er for øvrig 60NOK per stol og 200NOK per bord. Målet er å få inn minst 123 000NOK til døveprosjektet, men me treng hjelp frå dykk der ute. Har du lyst til å gi en pengegåve til døveprosjektet?

Send pengar til kontonummer 8220 02 85030 og merk med prosjektummer 621 498. I tillegg til stolar, bord og anna utstyr vil pengane gå til løn, husleige og andre naudsynte utgifter i prosjektet.


Meir info finn du på http://www.nms.no/kamerun/spesialundervisning-for-doeve-i-kamerun-article818-327.html









Takk for at de blir med! Amalie (t.v.) og Marianne - på vegner av DNS.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar