torsdag 9. september 2010

Nynorsk på frammarsj i Afrika


Den norske skulen i Kamerun (DNS) har gått frå å vera ein bokmålskule til å bli ein nynorskskule. Alle dei ni norske elevane nyttar nynorsk som målform dette året.

Tekst: Marianne Tomren (13) og Amalie Hjorteland (13) (elevar)
Foto: Trude Tomren

DNS i Kamerun har vore ein bokmålskule heilt frå oppstarten i 1958 og fram til no. Dette året har det ”umogelege” skjedd; alle elevane ved DNS har nynorsk som målform. Jamvel alle lærarane har nynorsk som hovudspråk. Dette skjer trass i at vedtektene seier at DNS skal vera ein bokmålskule.
– Spørsmålet er om vedtektene nå må endrast. For me kan jo ikkje akkurat nekta elevane å få undervisning på si eiga målform, seier rektor ved DNS, Trond Hjorteland.

Ni elevar
I år er det ni elevar på skulen. Kanskje ikkje mange, men 200 % fleire enn dei tre som gjekk her i fjor. Desse tre går her framleis, og dei er glade for å få nye klassekameratar.
– Det var verkeleg einsamt her i fjor. Det var ingen å prate med i friminutta, fortel Marianne Tomren (13), eldste elev på skulen.

DNS Kamerun er ein privat grunnskule eigd og driven av Det Norske Misjonsselskap.

1 kommentar:

  1. Flott at nynorsk også blir registrert mellom dei mange språk i Kamerun! For ei tid tilbake registrerte eg dei språk som i perioden 1964 til 1976 var registrerte for dei fødande ved misjonen/kyrkja sitt sjukehus i Ngaoundere. Det var 100 språk, inkludert norsk, fransk engelsk og arabisk. Men nå er altså 101 ute, og det vart nynorsk!
    Bestefar til barn ved skulen

    SvarSlett